Forrige
periode

1800-tallet

Neste
periode
Tilbake til kronologioversikten


Verden Europa Norge
1800
Kina
Britane innfører opium frå India til Kina, og erstattar etterkvart gull som betalingsmiddel med opium. Noko som resulterte i ein lang serie krigar med Kina.

1807

Som fyrste land avskaffar Storbritannia slaveriet.

1808
Sierra Leone
Britane strammar grepet i Afrika. Etter å ha gjenerobra Kapp-provinsen, tek dei makta i Sierra Leone.

1808
Argentina
Argentina erklærer seg sjølvstendige etter å ha dreve tilbake eit erobringsforsøk frå engelske soldatar. I laupet av dei 20 neste åra vert dei fleste latin-amerikanske landa sjølvstendige.

1814
New Zealand
Dei aller fyrste britiske misjonærane kjem til New Zealand.

1818
India
Etter krigen mot marathearane får Storbritannia herredøme over India.

1821
Afrika
Gullkysten, Gambia og Sierra Leone vert britiske koloniar.

1825
Indonesia
Indonesiarar gjer opprør mot den nederlandske kolonimakta. Opprøret varer i fem år.

1830
Algerie
Frankrike byrjar ekspansjonen i Afrika. Den trugande julirevolusjonen gjer at Karl X freister auke sin politiske prestisje og innvaderer Algerie.

1838
Australia
Aboriginarar vert slakta ned ved Myall Creek. Aboriginarane vert heilt til 1968 klassifisert som ein del av faunaen.

1840
New Zealand
Maoriane gjer opprør som eit resultat av at britane annekterer New Zealand.

1842
Kina
Opiumskrigen endar med at Storbritannia anekterer HongKong.

1843
Sør-Afrika
Storbritannia annekterer Natal i Sør-Afrika

1854
Japan
Japan gjev etter for amerikansk press om å opne for handel. Shogunene underteikna i starten berre på at to havner skulle vere opne for amerikanarane, men det var berre eit tidsspørsmål før heile landet ville vere ope.

1857
India

Innfødde soldatar gjer mytteri og drep sine offiserar. Marsjerer deretter til Dehli der dei utroper Bahadur Shah til herskar over India. Opprørarane fekk brei tilslutning men vart tilslutt slått av britane.


1861
Amerika
Sju av statane trer ut av den amerikanske føderasjonen, noko som startar den fire år gamle borgarkrigen.

1877
India
Dronning Victoria vert keisarinne av India.

1885
India
Ideen om politisk sjølvstende førte til at den avgjerande Indiske nasjonalkongressen vart danna.

1885
Kongo
Belgia under kong Leopol II erobrar Kongo.

1893
New Zealand
Kvinner får stemmerett for fyrste gong





1804
Frankrike
Etter å ha lagt store delar av europa under seg vert Napoleon krona til fransk keisar. Den franske revolusjons avgjerande og effektive gjennomslagskraft kom som eit resultat av Napoleons erobringar og reformar.

1806

Napoleon slår Franz II i slaget ved Austerlitz. Den tysk romerske keisaren må gje frå seg nesten alt land og det tysk romerske riket vert oppløyst.

1812
Russland
Napoleon inntek Moskva. Men den 600000 mann sterke innvasjonshæren var no redusert til ein sjettedel. "Den brente jords taktikk" og esktreme værforhold gjorde at felttoget enda i katastrofe og var byrjinga på slutten for Napoleon.

1814
Frankrike
Napoleon kapitulerer for dei allierte styrkene

1814
Wien
Fredsvilkåra vert drøfta av Wienkongressen.

1820
Storbritannia
Georg 4 vert britisk konge.

1825
Storbritannia
Fagforeiningar vert tilletne i storbritannia.

1830
Storbritannia
Vilhelm 4 britisk vert konge i Storbritannia

1830
Frankrike
Julirevolusjonen bryt ut i Paris. Arbeidarar, borgarar og studentar gjer opprør mot inskrenking av pressefridom, arbeidsløyse, auka matvareprisar og problem for yrkes og handverksutdanna.

1830
Storbritannia
Eit av den industrielle revolusjons viktigaste inovasjonar jernbanen vert åpna mellom industribyane Manchester og Liverpool.

1837
Storbritannia
Victoria krona til britisk dronning, og vert sitande på tronen heilt til 1901.

1846
Irland
Feilslått potethaust og uår gjer at det bryt ut hungersnød i Irland. Mange utvandrer difor til Amerika der 40 % av utvandrarane før 1860 var irar.

1848

Revolusjonar bryt ut i Frankrike, Italia, Tyskland og Ungarn. Arbeidsløyse, manglande demokratisk inflytelse og avlingskatastrofer var dei utløysande faktorane for revoltane. I Frankrike abdiserte kongen Ludvig Filip. Den andre repubikk vart utropt av nasjonalforsammlinga i mai og Louis Napoleon vert president.

1852
Frankrike
Napoleon Bonaparte utnyttar uro og motsetnaderi landet og vert vald til keisar. Året etter vert keisardømet innført på ny.

1854

I den lange rekka med krigar mellom Russland og Tyrkia bryt det ut ein ny krig. Men denne gongen gjekk Storbritannia og Frankrike med på tyrkisk side. Dei allierte vinn til slutt og fredskonferansen vart halden i 1856. Ut av forhandlingane vert nasjonalstatane Serbia og Romania til, men får fyrst suverenitet i 1878.

1861
Italia
Etter komplisert politisk maktspel av Cavour og folkereising leia av den idealistiske revolusjonære Giuseppe Garibaldi vert Italia samla til eit rike.

1871
Tyskland
Etter krigar mot Danmark, Østerrike og Frankrike vart eit samla tysk keisarrike erklært. Bismarcks realpolitiske kløkt og hell gjorde at Tyskland var eit faktum.

1871
Frankrike
Radikal-demokratiske småborgarar i Paris velger eigne representantar til eit kommunestyre som vart kalla kommunen. Men regjeringa i Versailles makta etter harde kampar å knuse Paris-kommunen.

1881
Russland
Tsar Alexander II vert myrda av sosialistisk inspirerte terroristar.

1807

I frykt for at Danmark-Norge skal gå inn i allianse med Napoleon går Storbritannia til angrep på den Dansk-norske flåten. Danmark tok parti med Napoleon og leia Norge inn i handelsblokade og hungernaud.

1809

Storbritannias kontroll over Skagerak gjer at hungersnauden rammar Norge hardt. Danmark og England vert samde om trelasteksport og kornimport mellom Norge og England, den såkalla lisensfarten.

1812

Napoleons angrep på Russland fører Norge inn i nye blokadar og meir hungersnaud.

1813

Prins Kristian Fredrik tek over som norsk stattholdar etter Frederik av Hessen.

14.Januar 1814

Sverige gjer, som alliert med sigerherrane etter Napoleonskrigane, krav på at Danmark avstår Norge til Sverige. Kieltraktaten overfører Norge til Sverige.

16.Februar 1814

Nyhenda om Kieltraktaten skaper reising for norsk sjølvstende. På eit stormannsmøte på Eidsvoll vert det beslutta at Norge må få eigen grunnlov og at det måtte veljast ut ei grunnlovsgjevande forsamling. Kristian Fredrik vert vald til midlertidig regent.

10. April 1814
Eidsvoll
Den grunnlovsgjevande forsamlinga møter på Eidsvoll.

17.mai 1814
Eidsvoll
Grunnloven vert underteikna og Kristian Fredrik valgt til konge i det sjølvstendige Noreg.

1. Juli 1814
Kristiania
Stormaktsutsendingar kjem til Noreg for å iverksetje Kieltraktaten.

26. juli

Stormaktene heldt løftet sitt til Sverige og startar blokade av Norge. Karl Johan ynskte at forhandlingane skulle føregå på fredeleg vis. Men då forhandlingane braut saman gjekk Sverige til angrep.

14.august 1814

Svenskanes millitære overlegenhet fører til våpenstillstand ved Mossekonvensjonen. Kristian Fredrik vert avsett som norsk konge. Karl Johan godtok grunnloven og det vart skreve ut til nyvalg til ekstraordinært storting. Mossekonvensjonen var svært viktig ved at den danna eit forhandlingsgrunnlag for Norge.

4.november 1814

Det ekstraordinære storting vedtar ein grunnlovsrevisjon. Frå norsk side var krava om at Kieltraktaten ikkje skulle vere grunnlag for unionen, og stortingets fulle råderett over grunnloven, viktige.

1815

Med krav til stortinget om endringar i pengevesenet, lettingar i skatten og hjelp til billige lån marsjerer austlandsbønder mot Kristiania. Men opptøyene vart stansa før dei nådde hovudstaden.

1821

Kong Karl Johan freister å gjere endringar i grunnloven og krever absolutt veto, større fridom i disponering av statsrådane og utvida rett til å styre med hjelp av annordningar. Men forslaga vart nedstemmt av stortinget.

1837

Med grunnloven hadde bøndene fått del av statens makt, men i bygdene var alt som før. Formannskapslovene innførte lokalt sjølvstyre for den enkelte kommunen.

1850

Marcus Thrane samlar underskrifter til ein petisjon (bønneskrift) om arbeidaranes krav som vart sendt til kongen. Men kongen var avvisande og Thrane-røyrsla vart kriminalisert etter få år.

1850

England opphever loven om kven som kunne frakte varer frå eit land til eit anna, den såkalla Navigasjonsakta. Dette førte til at norsk skipsfart skaut fart og auka tempoet i industrialiseringa.

1860
Trondheim
Karl 4. vert krona i Trondheim.

1868

Søren Jaabekk organiserer bøndene i bondevensorganisasjonar og vert i fleirtal på stortinget.

1869

Den politiske mobiliteten auker. Årlege storting avløyser den gamle ordninga med å samlast kvart tredje år.

september 1872

Kong Karl 15. dør og bror hans vert krona i Trondheim som Kong Oskar 2.

1882

Cecilie Thoresen vert den fyrste kvinne som tek examen artium.

1884

Regjeringa Selmer vert dømt til bøter og embeds fortapelse, for å nekte å sanksjonere forslaget om statsrådanes møteplikt i stortinget. Dette var fyrste gong regjeringa vart gjort ansvarlege ovanfor stortinget og var innføringa av parlamentarismen i Norge.











Forrige
periode

1800-tallet

Neste
periode
Tilbake til kronologioversikten