Forrige
periode

1700-tallet

Neste
periode
Tilbake til kronologioversikten


Verden Europa Norge
1713
Nord-Amerika
Frankriket gjev frå seg Newfoundland til britane.

1720
Kina/Tibet
Tibet byrjar betale skatt til Kina.

1723
Gambia
Det Britiske Afrikakompani skaffar seg land i Gambia.

1730
Afrika
Portugisarane mister Mombasa.

1751
Kina/Tibet
Faren for mongolsk innflytelse gjer at Tibet vert innlemma i Kina. Likvel insisterte Kina på Tibets sjølvstende.

1758
Senegal
Ein av mange konflikter mellom kolonimaktene var mellom Frankriket og Storbritannia over Senegal.

1761
India
Mange interesser står på spel i India. Muslimske afganarar overvinn marathaerne som var hinduar. Samstundes presser Storbritannia franskmennen ut av landet.

1763
Canada
Etter den sju år lange krigen i Nord-Amerika må Frankrike gje frå seg Canada til Storbritannia.

1764
Nord-Amerika
Det britiske parlamentet vedtek lover som auker tollen på koloniane.

1769
Australia
James Cook kartlegg den austlege kysten av Australia.

1773
Nord-Amerika
Radikale motstandsfolk i Boston reagerer mot dei britiske myndighetenes forsøk på nye beskattingar med å kaste ei telast på sjøen. Regjeringa svarte med å oppheve koloniens fribrev og andre "tvangslover".

1776
Nord-Amerika
Godseigaren Georg Washington leier styrkene til dei lausrevne koloniane, og driv britiske styrkar ut av Boston.

4. juli 1776
Nord-Amerika
"Kontinentalkongressen" vedtek uavhengighetserklæringa som vart utforma av Thomas Jefferson. Forfatinga var byggd på både den engelske konstitusjonens prinsipp og naturretten.

1781
Nord-Amerika
Kampane mellom amerikanarar og britar i Amerika endar med slaget ved Yorktown.





1700
Frankrike
Filip 5 spansk konge

1701
Preussen
I bytte for Brandenburgs støtte til keisaren i den spanske arvefølgekrigen vart Fredrik 1. konge av Preussen.

1703
Russland
St. Petersburg vert grunnlagt av Peter den store.

1704
Spania
Storbritannia tek Gibraltar frå Spania.

1711
Tysk-romerske riket
Karl 6. vert keisar.

1715
Frankriket
Ludvig 15. fransk konge.

1727
England
Georg 2. britisk konge.

1739
Spania/England
Krig mellom Spania og England om handelen i den nye verda.

1740
Tysk-romerske rike
Maria Theresa etterfølger Karl 6. Det viktigaste arbeidet for den nye herskarinna var å samle det samansette riket til éin stat.

1740
Preussen
Fredrik 2. kjem til makta etter sin far. Han utnytta striden i det Austerrikske tronfølgen. Etter sjølv å ha starta den Austerrikske arvefølgekrigen utvida Preussen sine landområde.

1756

Sjuårskrigen byrjawr.

1762
Russland
Katarina 2. vert russisk keisarinne. Mykje av europeiseringa som Peter den store hadde byrja på vart vidareført av Katarina. Men samstundes var det mykje som gjekk imot den samtidige europeiske utviklinga.

1763

Sjuårskrigen endar.

1772
Polen
Polen vert delt mellom Austerriket, Russland og Preussen. Delinga kom dels som eit resultat av sentralamktas manglande evne til samling og Dei omkringliggande landas strategi for å demme opp for Osmanriket.

1786
Frankrike
Dei utanlandske bankane vil ikkje lengre låne meir pengar til Frankriket. Men staten trengte inntekter. For at ein ny skatt skulle kunne krevast inn vart det kreva at generalstendene skulle kallast saman.

1788
Frankrike
Strid om samansetjing av stenderforsamlinga. Paris-parlamentet meinte at fordelinga av stemmer skulle vere likt mellom alle tre stendene, medan borgarane meinte at tredjestanden skulle ha dobbel stemme.

27.juni 1789
Frankrike
Etter mykje dragkamp vert dei tre generalstendene til éi eitkammers grunnlovsgjevande forsamling.

14. juli 1789
Paris
Ryktet om Ludvig 15.s kupplanar spreier seg og fører til at borgarar væpner seg. Bastillens fall var teiknet på eineveldets fall.

4. august
Frankrike
Bøndenes opprør tvinga den grunnlovsgjevande forsamlinga til å etterkome deira krav. Men under forsamlingas møte vart forslaga meir og meir radikale, og mange av privilegiesamfunnets rettar vart avskaffa.

26. august 1789
Frankrike
Den mest berømte dokumentet under den franske revolusjon, erklæringa om menneskets og borgaranes rettar, vert vedteken. Den beskjedne henvendinga til franskmenn og frankrike, viser erklæringas internasjonale og universell appell.

14. september 1791
Frankrike
Ludvig 16. avlegg ed til forfatninga under sterkt press, og revolusjonen var offisielt slutt. Men det revolusjonære Frankriket var no delt i radikale republikkarar og kontrarevolusjonære.

1791
Frankrike
Den grunnlovsgjevande forsamlinga løyser seg opp og ei ny radikal vert sett saman. Forsamlinga bestod av 350 frå feuillantergruppa og 136 frå den radikale jakobinegruppa.

20.april 1792
Frankrike
Utifrå fundamentalt ulike motiv tek kongen ei regjering av den radikale jakobinske fløyen, Girondinarane, og går til krig. Kongen ynskte å omstyrte revolusjonen, medan Girondinarane håpte ein krig skulle spreie revolusjonen og samstundes bekjempe dei kontrarevolusjonære.

10. august 1792
Frankrike
Revolusjonen går over i ein ny fase. Den misslukka revolusjonskrigen og mistanken om at kongen stod i ledetog med fienden, førte til opprør mot kongen. Den moderate patriotiske fraksjonen frå revolusjonen var avløyst av ein radikal.

21. september 1792
Frankrike
Konventet proklamerer Frankrike som republikk.

21. januar 1793
Frankrike
Ludvig 16. henretta.

Februar 1793
Frankrike
Etter at det vart innført verneplikt bryt det ut borgarkrig mellom kontrarevolusjonære og revolusjonære. Dei radikale jakobinarane med Robespierre i spissen opprettar eit revolusjonstribunal som skulle straffe reaksjonære utan lov og dom. Terror og massehenrettingar drep 40000 menneske.

juni 1793
Frankrike
Den eine fraksjonen i nasjonalkonventet, montagnardane, tek over makta. Folkemassene ( sans-culottane) tek kontroll. Girondinarar vert undertrykt i fleire av provinsane.

1794
Frankrike
Kampen mellom herbertistar og jakobinarar om massenes støtte resulterer i at leiande herbertistar vert arrester og henretta på giljotinen.

juli 1794
Frankrike
I dei ulike revolusjonskomiteane som hadde vorte oppretta for å sikre revolusjonens vidare gang, fantest det sterke motsetnader. Robespierristane, som tidlegare var eksekutørar for terroren, vart no sjølv henretta.

1795
Frankrike
Reaksjon mot det jakobinske skrekkvelde. Rojalistar står for utrensking av jakobinarar. Ei ny forfatning forsøkt utforma, direktoriet.

1799
Frankrike
I det politiske kaos revolusjon, borgarkrig og terror hadde etterlate seg, hadde hæren vorte til ei sjølvstendig makt. Napoleon utnytta den kaotiske situasjonen med eit militærkupp.

1700-1721
Store nordiske krig
Etter Hannibalfeiden og Carl Gustav krigane hadde Sverige styrkt sin millitære posisjon i høve Danmark-Noreg og var no den som kunne føre ein tofrontskrig. Men etter den store nordiske krig kom svenskane på defensiven. Freden gjorde slutt på det spente forholdet i norden.

1739

Statthaldarembetet vert nedlagt.

1739

Allmueskolen innført på landsbygda. Det vart kreva at Luthers lille katekisme vart lært utanatt og at ungane lærte å lese.



Forrige
periode

1700-tallet

Neste
periode
Tilbake til kronologioversikten