Forrige
periode

1600-tallet

Neste
periode
Tilbake til kronologioversikten


Verden Europa Norge
1607
Nord-Amerika
Den fyrste engelske kolonien vert grunnlagt og kalla Virginia. Freden med Spania tre år tidlegare gjorde det økonomisk mogleg og mindre risikabelt å reise over atlanterhavet.

1614
India
Storbritannia får sin fyrste indiske handelsstasjon.

1616
Japan
Japan byrjar undertrykjinga av dei kristne. Ieyaesu såg med skepsis på kristendommen, men det var fyrst etter hans død at forfølginga starta.

1616
Japan
Den isolasjonistiske politikken byrjar. Ieyasu tillot ein avgrensa utanrikshandel, men tillet utlendingane berre å anløpe to havner.

1616
Senegal, Gullkysten
Nederlendarar og franskmenn anlegger handelstasjonar.

1619
Amerika
Dei fyrste afrikanske slavane kjem til Nord-Amerika.

1623
Japan
Britane forlet Japan.

1626
Madagaskar
Franskmenn byrjer bygge busetnader.

1642
Gullkysten
Portugal overlet Gullkysten til nederlandarane. Den iberiske halvøya si maktstilling i verda var på hell. Til grunn for den komande nordvesteuropeiske dominansen låg nemleg ein heilt annan type økonomi som tok sikte på langsiktig vekst.

1644
kina
Den sosiale politiske krisa og forskyvningar i økonomien gjorde at det trehundreår gamle Mingdynastiet enda. Etter nokre år med sporadiske bondeopprør fekk oppstanden fastare form. Etter alliansen mellom to av opprørshærane vart Ch`ingdynastiet grunnlagt av Manchuane.

1658
India
Stormogulriket når si største utstrekning under Aurangzeb, men viste då også fyrste teikn til forfall. Ulike indre grupperingar skapte problem for sentralmakta. Men det er uklart kva det var som gjorde at det Stormogulske imperiet fallt.

1674
Nord-Amerika
Plantasjene i Quebec blir lagt under den franske kongen.

1685
Kina
Kina opnar havnene sine for handel med utlandet.

1688
Australia
Australia vert oppdaga.

1689
Nord-Amerika
Den lange rekka av krigar mellom Frankrike og Storbritannia byrjar. Motsetningane låg mykje i forholda i Europa, men etterkvar tilspissa konflikten seg om herredømet over Amerika.





1600
England
Det engelske Ostindiske kompani vart grunnlagt.

1602
Nederland
Det nederlandske Ostindiske kompani grunnlagt. Den nederlandske forretningsånd viste seg å vere heilt annleis enn den iberiske. Skipparane var forretnigsfolk, og ikkje eventyrarar slik dei spansk-portugisiske utferdene ofte var motivert.

1609
Nederland
Etter åtti år med opprør mot Spania markerte våpenkvile at Nederland var uavhengig.

1610
Frankrike
Henrik 4. fransk konge myrda.

1610

Galileo Galilei sine oppdagingar utfordrar kyrkja.

1614
Frankrike
Den siste stenderforsamlinga før den franske revolusjon vert kalla saman.

1618
Praha
Tsjekkiske opprørarar nektar å godkjenne den habsburgske keisaren, Ferdinand 2., som konge av Böhmen og veljer den protestanstiske kufyrsten Fredrik 5. av Pfalz. Dette utløyser trettiårskrigen.

1624
England/Spania
England erklærer Spania krig.

1642
England
Underhuset i parliamentet fattar vedtak som sparkar beina under eineveldet. Den aukande konflikten mellom parlament og kongemakta utløyser borgarkrig.

1643
Frankriket
Ludvig 14. vert fransk konge.

1648
Westfallen
Etter tretti år med krig på store delar av det nordvestlege europa vart freden satt i Westfallen. Sigerherrane var Sverige, nederland og Frankrike, mens det spanske kongedømet stod for fall.

1648
Frankriket
Frankrikets krigsutgifter var enorme medan inntektene minka. Vedtaket om å ikkje betale renter på kjøpte embete utløyser opprør (Fronden) blandt embedsmenn.

1649
England
Kong Karl 1. vert henretta av det såkalla Rump-parlamentet og England vert erklært som fri republikk.

1652
Nederland/England
Den fyrste krigen mellom England og Nederland bryt ut. Nedgangen byrjar for Nederland.

1653
England
Republikkens eine styrande organ; hæren, avsett det andre; parlamentet, med Oliver Cromwell i spissen. Men den nye forfatninga gjorde ikkje at det vart enklare å samarbeide med parlamentet.

1660
England
I eit politisk anarki maktar Karl 1. sin son Karl 2 å bli konge.

9. mars 1661
Frankriket
Ludvig 14. vert eineveldig etter fyrsteminister Mazarins død. Gjennom ei rekke strategiske og maktpolitiske grep sikra Ludvig seg makt over riket.

1666
Nederland/England
Det bryt ut krig på ny mellom Nederland og England.

1666
Frankrike/England
England og Frankriket kjempar om Nederland.

1672
Nederland/England
Den tredje Engelsk-Nederlandske krig. Nederland forsvarte seg godt til sjøs, men viste etter tre krigar at det var sårbart til lands. Dei enorme utgiftene til krigføring gjorde i tillegg at Nederland ikkje makta å halde si stilling som verdsmakt.

1685
England
Jakob 2. engelsk konge.

1689
Russland
Peter den store blir russisk tsar ti år gamal. Peter reiste mykje i Europa for å få nye impulsar, og iverksette derette ei mengde politiske reformar, vedtak og rasjonaliseringar.





1601

Kristian 4. startar bergverksoffensiv i Norge. Kongen henta som sin farfar kompetansen frå Sachsen.

1604

I Christian 4.s norske lov vert det slått fast at den som av dansk riksråd, adel og stender veljer til dansk konge, skal også vere norsk konge.

1611
Kalmarkrigen
Danmark-Norge erklærer Karl 9. krig. Christian 4. hadde lenge vore i konflikt med den svenske kongen over landområde på nordkalotten og brukte Sveriges aggressive politikk i nord til å overtale riksrådet.

1623
Sandvær
Sølv vert funne i Sandvær. Kongen var personleg pådrivar for anleggsarbeidet og kalla byen som vaks fram for Kongsberg.

1643

Sverige angriper Jylland og Christian 4. gjev stattholdaren Hannibal Sehested fullmakt til å ruste opp hæren.

1645

Hannibalfeiden vert avslutta med freden i Brømsebro. Norge må avstå Jemtland og Herjedalen, medan Danmark miste Ösel og Gotland.

1648

Christian 4. døyr og Fredrik 3. vert ny konge. Statsmakta vart styrka under Christian, men spenningane mellom kongen og riksrådsadelen i Danmark gjorde at monarkiet vart svekka.

1657

Krig mellom Danmark-Norge og Sverige.

1660

Etter lange tider med krig var Danmark i dårlig økonomisk forfatning. Adelen hadde utspelt si økonomiske og millitære rolle. Den aukande handelen hadde gjort at borgarar var tatt med i statsadministrasjonen. Kongen og borgarskapets gjensidige interesser pressa adelen til å godta eineveldet og arveretten, noko som svekka adelens nakt.

1665

Eineveldet vert fastslått i kongeloven.

1670

Christian 5. vert konge etter Fredrik 3.

1688

Den største eksportartikkelen på 1600-talet, trelasten, hadde involvert alle som eigde skog. Men den nye merkantilistisk økonomiske politikken favoriserte by-borgarane. Sagbruksprivilegia reduserte kraftig avtallet sager som fekk lov til å produsere og bondesagene vart lagt ned.

1699

Fredrik 4. blir konge etter Fredrik 3.







Forrige
periode

1600-tallet

Neste
periode
Tilbake til kronologioversikten