Forrige
periode

1500-tallet

Neste
periode
Tilbake til kronologioversikten


Verden Europa Norge
1500
Iran
Iran vert samla under shia-muslimen Ismail som utroper seg sjølv til Sjah over Iran. Riket var enormt og strekte seg over det noverande Iran, Irak, delar av Afghanistan og Sentral- Asia.

1500
Brasil
Portugisarar startar erobringa av Brasil. På grunn av europas umettelege behov etter sukker vart Brasil eit svært viktig koloniområde for Portugisarane.

1500

Aztekarriket når si største utstrekning.

1520
Afrika
Den organiserte slavehandelen tek til. Så å seie alle vesteuropeiske land untatt Spania var direkte innvolvert i slavehandel. Ein reknar med at det mellom 1450 og 1870 vart frakta omkring ti millionar slavar frå Afrika til Amerika.

1521
Mexico
Spanjolane med Conquistadoren Hernán Cortés is spissen inntek Aztekarbyen Tenochtitlan.

1530
India
Grunnleggaren av Stormogulriket Babur døyr før han har fått organisert sin erobringar.

1531
Peru
Pizzarro sigrar over inkaene.

1535
Tunis
Den tysk-romerske keisaren Karl 5 inntek Tunis. Han insette ein marionetteherskar, men byen kom under spansk kontroll i 1574.

1544
Mosambic
Portugisarane åpnar handelsstasjonar.

1554
Nord-Afrika
Samstundes som det Osmanske riket veks i aust, ekspanderer det også i vest. Heile den nord-afrikanske kysten utanom Marokko og nokre få spanske og postugisiske støttepunkt kjem under Osmansk herredøme.

1562
India
Baburs barnebarnb Akbar tek personleg over leiinga av Stormogulriket. Dei største utfordringane låg aldri i press utanifrå, men dei ulike stormennen som gjorde motstand mot han.

1567
Japan
Shogunatet vert avsett av " den fyrste forenar" Oda Nobunaga. Men trass i at han fekk herredømme fortsatte borgarkrigane å rase

1598
Japan
Etter at "den andre forenar" Hideyoshi døyde vart det påny kamp om Japan. Striden endar med at Tokugawa Ieyasu gjenninnfører og utroper seg sjølv til shogun.

1509
England
Henrik 8 vert engelsk konge.

1515
Spania
Karl 5. blir konge av Spania.

1517
Wittenberg
Marthin Luther utløyser reformasjonen ved å slå opp 95 teser på kirkedøra i Wittenberg. Luthers protest gjekk imot pavekirkas lære om handling som veg til frelsen, som for Luther utlelukkande er gjennom trua.

1519

Karl 5 vald til tysk-romersk keisar. Keisarens forsøk på å legge europa under seg leia til krig mot mellom anna Frankriket og England.

1521
Tyskland
Luther nektar å trekke tilbake si lære, blir bannlyst av paven og gjort fredlaus av Karl 5. Luther gjekk i dekning og oversette Bibelen til tysk.

1534
England
Parlamentet vedtek lov som gjer Henrik 8. til overhode over den katolske kyrkja i England.

1541
Ungarn
Det Osmanske riket skrid ekspanderer i europa og erobrar Ungarn.

1541
Genève
Jean Calvin grunnlegg reformert kyrkje. Skilnaden på Luthers og Calvins lære var Calvins trua på predestinasjonslæra.

1547
Russland
Ivan "den grusome" 4 vert tsar i Russland. Ivan var berre tre år då han kom på trona. Etterkvart utvikla han seg til å bli ein paranoid og forferdeleg herskar.

1553
England
Mary 1. gjenninnfører katolisismen. To tusen prestar vart fjerna frå embeta og tre hundre menneske vart brennt på bålet som kjettarar.

1555
Tysk-romerske riket
I reformasjonens kjøvann, men med meir maktpolitiske interesser, vart det utkjempa eindel krigar. I Tyskland, der makta alltid hadde vore desentralisert, kjempa fyrstane mot keisaren for retten til å få bestemme religion. Keisarmakta leid nederlag, Karl 5 abdiserte og riket vart oppdelt.

1556
Spania
Filip 2 tek over styringa av Spania etter Karl 5`s abdikasjon. Filip 2 tok også over Spanias besittelsar i Italia, Amerika og Nederland.

1562
Frankriket
Politiske og religiøse motsetnader mellom adelsslekter gjer at kampen om trona blir ein borgarkrig. Henrik 4. vart katolikk for å få trona, men let det franske protestantane få utøve sin religion.

1572
Nederland
Skattetrykk og politisk sentralisering gjer at nederlandsk aristokrati leia av Vilhelm av Oranien gjer opprør mot Spania.

24. august 1572
Frankriket
Eit misslukka forsøk på å forene partane i den spente situasjonen mellom katolikkar og protestantar, utløyser massakre av protestantar (hugenottar) i dei katolske områda i Frankriket.

1580
Spania/Portugal
Den portugisiske trona står ledig og Filip 2 innlemmer Portugal i Spania.

1588
Spania
Storbritannia overvinn den spanske armada.

1598
Frankriket
Gjennom Ediktet i Nantes vert hugenottane garantert religionsfridom.





1513

Christian 2. blir norsk konge. Christian sette riksrådet til side og retta øydeleggande slag mot høgadelen både før og etter si tid som regent. Som hans far og farfar freista han å få Sverige tilbake i treriksunionen.

1518

Christian 2. ambisjonar leier han ut i krig mot Sverige. Den harde beskatinga fører til bondemotstand.

1520
Stockholm
Adel, biskopar og borgarar vert slakta ned i Stockholm. Dette markerer slutten for det Oldenburgske ambisjonane i Sverige.

1523

Olav Engelbrktson vert norsk erkebiskop og leiar av det norske riksrådet.

1536

Det vert slått fast i Christian 3. handfesting at Norge ikkje skal vere eit sjølvstendig rike, men eit lydrike under Danmark. Men det var fyrst med reformasjonen at det norske sjølvstendet forsvann.

1537

Christian 3. vert konge i Norge trass i hard motstand frå biskop Olav Engelbrektson.

1537

Reformasjonen kjem til Norge og innfører den lutheranske tru. Overgangen til den nye trua må sjåast i samanheng med økonomiske og maktpolitiske hensyn. Det same må motstanden mot den forståast som. Den lutheranske teologi gjorde at kyrkja misste mykje av sitt inntektsgrunnlag, medan dei statlege organa tjente på det.

1541
Brømsebro
Danmark, Norge og Sverige går saman i eit forbund som skal danne varig fred mellom dei nordiske rika.

1544

Etter tre år med krig mot den habsburgiske keisaren sluttar partane fred, og Karl 5. anerkjenner Christan 3.

1556
Bergenhus
Kristoffer Valkendorf lensherre på Bergenhus.

1559

Christian 3. døyr og sonen hans Fredrik 2. vert vald til ny konge.

1560

Hanseatanes rettar i Bergen vert avgrensa gjennom traktat.

1572

Statthaldarembete oppretta i Norge. Statthaldaren skulle fungere som sentralmaktas representant, men var i starten ein overflødig instans mellom lensmennene og kongen.

1588

Fredrik 2. døyr og ei formyndarregjering vert oppretta for den unge Christian 4.

1596

Christian 4. vert krona til konge. I motsetnad til alle dei andre dansk-norske kongane var Christian 4. engasjert og nærværande i Norge.



Forrige
periode

1500-tallet

Neste
periode
Tilbake til kronologioversikten