|
Kronologien er eit oppslagsverk som skal gjere det lettare å arbeide med og finne opplysningar om norsk og internasjonal historie.
I kategoriane Verda, Europa og Norge kan ein finne korte notisar om dei mest sentrale hendingane i historia. Samstundes skal kronologien kontinuerleg oppdaterast med dagsaktuelle nyhende. I skrivande stund kan vi berre presentere fire århundrer og nyhende frå året 2001, men tek sikte på å forlenge kronologien kontinuerleg. Vi ynskjer også etterkvart å bygge ut kronologien ved å lage lengre tekstar/artikklar i ein temakronologi om dei viktigaste hendingane og felta. Kronologien er eit prosjekt under utvikling, og som då forhåpentlegvis skal auke i kvalitet og omfang. Vi ynskjer difor å få generell tilbakemelding, men også knytte til oss historikarar, samfunnsvitarar og andre som kan kome med bidrag som kan innarbeidast i temakronologien. |